Norconsult opna nytt kontor i Norheimsund

Nyheter
21.desember 2021

Norconsult opna nytt kontor i Norheimsund i Kvam herad 1. november. Dette vert dermed det femte kontoret i Hardanger og Voss, i lag med Rosendal, Odda, Eidfjord og Voss. Det er allereie tilsett sju medarbeidarar.

Norconsult opna nytt kontor i Norheimsund
F. v.: Avdelingsleiar Frode Atterås, Torunn Lutro, Marie Steine, Hogne Høysæter, Vidar Østerbø, Jostein Auganæs (byrjar 01.01), Oddmund Soldal og Endre Lægreid. Foto: Ragnhild Økland Børven (Hordaland Folkeblad).

Hardanger og Voss-kontoret har sett på Kvam som ein aktuell plass å etablera seg over lengre tid, og har allereie eit samarbeid både med kommunen og aktørar i det lokale næringslivet.

– I Norconsult ynskjer me å vera tett på kundane våre og mange kundar set pris på at Norconsult er lokalt til stades og kjenner lokale forhold. I tillegg er det mange dyktige ressursar i distrikta som me har lyst skal arbeida hjå oss, seier avdelingsleiar Frode Atterås. Det er og Norconsult sin tydlege distriktssatsing som gjer at me den siste tida har rekruttert fleire medarbeidarar frå våre konkurrentar.

Dei fyrste tilsette er allereie komne godt i gang og er involverte i alt frå lokale oppdrag til store nasjonale oppdrag som Sotrasambandet. Det er særs kompetente medarbeidarar frå seniorrådgjevarar til fagekspertar.

– Med etableringa i Norheimsund og ytterlegare rekruttering på dei ulike lokalitetane vil me passere 40 tilsette innan sommaren. Det er fantastisk motiverande å få vera med å byggje opp ei så solid gruppe fagfolk, med så sterk lokal forankring. Norconsult Hardanger og Voss er godt rusta for å kunne utnytte potensialet i marknaden og til å møte dei utfordringane som måtte koma, seier Endre Lægreid. Lægreid er leiar for Norconsult Hardanger og Voss som omfattar kontora i Voss, Norheimsund, Odda, Eidfjord og Rosendal.

Kontaktperson

Profilbilde av Benedicte Bratt Jakhelln
Benedicte Bratt Jakhelln
Senior kommunikasjonsrådgiver