Ledige stillinger

Sommarjobb hjå Norconsult i Sogn og Fjordane?

Arbeidssted
Førde, Sogndal
Søknadsfrist
31.01.2020
Type
Sommerstudent
Stilling
Rådgiver

Kvart år tek Norconsult imot rundt 100 studentar på sommarjobb, både ved  hovedkontoret i Sandvika og ved fleire andre av lokalkontora rundt om i Norge. Som sommarstudent i Norconsult vil du få jobbe med spennande oppgåver, fortrinnsvis i faktiske oppdrag for eksterne kundar, der målet er at du får brukt teorien du har lært i praksis. Primært aksepterer vi kun 3. og 4. års studentar til sommarjobb hjå oss.

Norconsult i Sogn og Fjordane er eit kontor i vekst og har arbeidsstader i Førde, Sogndal, Sandane og Årdal. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikkplanlegging, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, industri/maskin/prosess, byggje- og anleggsteknikk og prosjektadministrasjon. Vi har i dag over 60 medarbeidarar i Sogn og Fjordane, og hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen.

Vi søkjer etter unge, kreative og engasjerte sommarstudentar med fagleg engasjement og arbeidsglede. Aktuelle fagområde kan vere konstruksjonsteknikk, geoteknikk, vatn- og avløp og vegplanlegging.

Arbeidsstad: Førde eller Sogndal. Oppgje i søknaden kva arbeidsstad du søker på.

Arbeidsoppgåvene dine vil vere:

  • Generell bistand til planlegging og prosjektering i pågåande oppdrag innan ditt fag
  • Utarbeiding av notat og rapportar
  • Utarbeiding av digitale teikningar og modellar
  • Delta på møte og synfaringar

For oss er det viktig at du:

  • Fortrinnsvis er masterstudent ferdig med 4. året, med relevante fagvalg
  • Har kompetanse innan bruk av relevante digitale prosjekteringsverktøy for ditt fag (Revit, Civil 3D, Focus, Novapoint etc.)
  • Er engasjert og nysgjerrig, tek iniativ
  • Er strukturert og pliktoppfyllande
  • Bidreg til eit godt sosialt og fagleg miljø
  • Har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Som sommerstudent hjå oss får du:

  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Innblikk i korleis det er å jobba i rådgjevarbransjen
  • Faglege utfordringar der du kan utvikla deg gjennom spanande prosjekt saman med flinke kollegaer
  • Godt arbeidsmiljø
  • Sommarstudentdag i Sandvika for heile landet


Søknad med CV, vitnemål, attestar og vedlegg skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema. Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.

Norconsult er Norges største rådgjevarbedrift. Våre tenester er retta mot  samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Selskapet er eigd av våre over 3800 tilsette som er stasjonert på 96 kontor i heile verda. Hovudkontoret ligg i Sandvika utanfor Oslo.

Kontaktperson

Profilbilde av Tone Myklebust Kvåle
Tone Myklebust Kvåle
Kontorleiar