Ledige stillinger

Vi søkjer Byggingeniør/byggeleiar til Hardangerkontoret

Arbeidssted
Eidfjord, Odda, Voss
Søknadsfrist
15.04.2020
Type
Permanent
Stilling
Rådgiver

Norconsult Hardanger og Voss er eit kontor i vekst som utfører spennande og varierte oppdrag i eit godt arbeidsmiljø. Kontoret har 30 medarbeidarar tverrfagleg samansett innanfor fagområda arkitektur, arealplanlegging, konstruksjonsteknikk, akustikk, byggeleiing, landmåling, elektro, kommunalteknikk, geoteknikk, Ingeniørgeologi og maskin/prosess.

Vi har stor pågang av nye spanande og tverrfaglege oppdrag i eit stort geografisk område. Desse vert ofte gjennomført i tett samarbeid med våre nabokontor i Region Vest og hovudkontor i Sandvika, eller med andre Norconsultkontor. Me har arbeidsstader i Odda,  Eidfjord og på Voss.

Norconsult byr på varierte oppgåver som gjev gode høve for karriere i inn- og utland.

Vi søkjer etter byggingeniør/byggjeleiar med fagleg engasjement og stor arbeidsglede.

Dine arbeidsoppgåver vil i hovudsak vera:

  • Planlegging/prosjektering/gjennomføring av alle typar bygg/anlegg,
  • Utarbeiding av byggdetaljar og spesifikasjonar
  • Utarbeiding av konkurransegrunnlag
  • Prosjekt-/byggje- og oppdragsleiing
  • Synfaringar og oppfylgjing på byggeplass
  • Innaha rollane som KU, KP og SHA-koordinator i høve Byggherreforskrifta
  • Kontakt/kommunikasjon med oppdragsgjevarar, både interne og eksterne
  • Markeds- og tilbodsarbeid
     

Ynskjelege kvalifikasjonar:

  • MSc/BSc Bygningsingeniør 
  • Interesse for prosjektering og prosjektgjennomføring
  • God evne til både skriftleg og munnleg framstilling
  • God evne til å skape flyt, og å bygge gode team, i oppdrag
  • Vera open for eit breitt tverrfagleg samarbeid
  • Kompetanse innan relevante digitale verktøy
  • Kompetanse innan kontraktsstandardar og Byggherreforskifta
  • Vera positiv og kreativ med evne til å gjera medarbeidarane rundt deg gode

Hos oss får du:

  • Gode løns- og arbeidsvilkår

  • Store faglege utfordringar der du kan utvikla deg gjennom spennande prosjekt saman med flinke kollegaer

  • Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar

  • Aktivt fagnettverk med jevnlege samlingar

  • Godt arbeidsmiljø fundamentert på ein sterk bedriftskultur

  • Fokusering på kompetanse- og personalutvikling

  • Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift

  • Studieturar, ulike sosiale arrangement, firmahytter med mer

Innsending av søknad:

Søknad med CV, vitnemål, attestar og vedlegg skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider www.norconsult.no.

Norconsult er Norges største rådgiverbedrift. Våre tjenester er rettet mot samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Selskapet er eid av våre over 4 400 medarbeidere som er stasjonert på 113 kontorer i hele verden. Hovedkontoret ligger i Sandvika utenfor Oslo.

Kontaktperson

Profilbilde av Ivar Tveito Eidnes
Ivar Tveito Eidnes
Avdelingsleder Hardanger