Ledige stillinger

Vi søkjer Maskin- og prosessingeniørar til Hardangerkontoret

Arbeidssted
Odda
Søknadsfrist
31.08.2020
Type
Permanent
Stilling
Rådgiver

Norconsult Hardanger og Voss er eit kontor i vekst som utfører spanande og varierte oppdrag i eit godt arbeidsmiljø.

Me har stor pågang av tverrfaglege oppdrag i regionen. Desse vert ofte gjennomført i tett samarbeid med våre nabokontor i Region Vest og hovudkontor i Sandvika, eller med andre Norconsult-kontor.

Norconsult Hardanger og Voss har 30 medarbeidarar, tverrfagleg samansett innanfor fagområda arkitektur, arealplanlegging, konstruksjonsteknikk, akustikk, byggeleiing, landmåling, elektro, kommunalteknikk, VA/VVS, geoteknikk, ingeniørgeologi og maskin/industri.

Me er i ferd med og etablere eit maskiningeniør-team lokalt i Odda. I den forbindelse er me på utkikk etter fleire ressursar med prosess- og/eller maskinkompetanse.

Me søkjer etter dyktige og kreative ingeniørar med fagleg engasjement og stor arbeidsglede.

Dine arbeidsoppgåver vil i hovedsak vera:

  • Prosjekt- og oppdragsleiing i ulike oppdrag
  • Rådgjeving og prosjektering innan maskin- og prosessfaget:
    - maskin (konstruksjon, 3D modellering, dimensjonering, etc)
    - prosess (prosessdesign, fluid-/strømningsteknikk, etc)
  • Utarbeiding av spesifikasjonar og konkurransegrunnlag
  • Synfaringar og oppfylgjing på byggeplass
  • Samarbeid og kontakt med interne og eksterne aktørar
  • Kundeoppfylgjing, marknadsføring og sal-/tilbodsarbeid

Ynskjelege kvalifikasjonar:

  • Utdanning og gjerne noko erfaring innan maskin/materialteknologi eller prosessteknologi
  • Interesse for prosjektering og prosjektgjennomføring
  • Gode evner til både skriftleg og munnleg framstilling 
  • Gode evner til samspel og kommunikasjon med kundane
  • Vera open for eit breitt tverrfagleg samarbeid
  • Kjennskap til digitale verktøy (Bl.a Revit/AutoCad-Plant 3D/Inventor)
  • Vera positiv og kreativ 

Hos oss får du:

  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Store faglege utfordringar der du kan utvikla deg gjennom spanande prosjekt saman med flinke kollegaer
  • Karrieremogelegheiter i inn- og utland
  • Aktivt fagnettverk
  • Fokusering på kompetanse- og personalutvikling
  • Studieturar, ulike sosiale arrangement, firmahytter mm
  • Godt tverrfagleg arbeidsmiljø i flotte kontorlokaler i Odda sentrum

Søknad med CV, vitnemål, attestar og vedlegg skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider www.norconsult.no.

Søknader vurderast fortløpande.

Norconsult er Norges største rådgjevarbedrift. Våre tenester er retta mot  samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Selskapet er eigd av våre over 4400 tilsette som er stasjonert på 113 kontor i heile verda. Hovudkontoret ligg i Sandvika utanfor Oslo.

Kontaktperson

Profilbilde av Endre Lægreid
Endre Lægreid
Kontorleder