Reinaskor

Norconsult har prosjektert ny turisthytte på Reinaskor

Prosjektnavn

REINASKOR

Kunde

Bergen Turlag

Sted

Norge

Periode

2010

Nøkkeltall

129 m².

Oppdraget

Bergen Turlag utlyste ein parallellkonkurranse om utforming av ny turisthytte på Reinaskår, nær Trolltunga.

Løsningen

Fjellmassivet rundt den etterkvart så kjende Trolltunga byr på spektakulære og overveldande naturopplevingar anten ein kjem dit til fots frå Tyssevassbu i aust, frå Mosdalen i sørvest, frå Skjeggedalen med trallebanen til Topp i vest eller via den nyetablerte klatreruta “Himmelstigen” frå Ringedalsvatnet opp Tyssebotn. Ei turlagshytte i dette området må tilpassa seg landskapet og det barske klimaet samstundes som hytta skal bli ein attraksjon i seg sjølv. Hytta skal forsterka opplevinga av naturen rundt anten ein sit på benken utanfor kjøkenet og får med seg morgonsola over Reinanuten, innandørs i varmen og høyrer knitring frå ovnen samstundes med regnet som piskar mot rutene eller ein vaknar ein tidleg morgon på hemsen med utsyn over Ringedalsvatnet. Materialbruken er tenkt i tre, glas, stein og zink. Det er lagt vekt på materialar som naturleg høyrer heime i området, som er holdbare og mest mogeleg vedlikehaldsfrie. Stein er det materialet som er mest lokalt og krev ingen vedlikehald. Båndtekking med zink hentar vi tilknytningen frå industrien i området, dette er òg vedlikehaldsfritt. Som utvendig bruk av tre er tenkt malmfuru som grånar fint over tid. Tilsaman vil dette gje ein ny (fjell)formasjon med ein materialbruk og eit fargespel som ikkje vil vera dominerande i det nakne landskapet. Konstruksjonen er tenkt utført med limtre og tradisjonelt bindingsverk. Detaljar skal vera enkle både utføringsmessig og visuelt.

Resultatet

  • Ingebjørg Sekse

    Fagspesialist

  • Ivar Tveito Eidnes

    Arkitekt

  • Kontakt oss

    Tverrfaglig samarbeid