Oppstart detaljreguleringsplan Syselandet, Ulvik herad

I medhald av Lov om planlegging og byggesaksbehandling, §§ 12-3 og 12-8 (oppstart av detaljregulering) vert det med dette varsla om at det vert sett i gang detaljregulering for Syselandet i Ulvik herad. Planen er vurdert til å ikkje falle innanfor verkeområdet til forskrifta om konsekvensutgreiingar.

Reguleringsplan:
Sluttresultatet av ein reguleringsplanprosess vert eit arealplankart med tilhøyrande føresegner og planskildring. Planen styrer framtidig bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Ein reguleringsplan fastset framtidig arealbruk for området og er ved heradsstyret sitt vedtak, bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Dette varselet vert gjort for å varsle at prosessen no er starta opp, og for å gje dykk høve til å framsetje dykkar interesser i planarbeidet. Etter dette vert det utforma eit planframlegg med plankart, føresegner, risiko- og sårbarhetsanalyse og ein planomtale. Eventuelle fagutgreiingar vert lagt ved planframlegget.

Oppstartsmøte, planprosess og partar
Det er gjennomført oppstartsmøte med Ulvik herad, den 16. november 2023. I møte vart det klarlagt kva føremål Ulvik herad ønskjer å sikra gjennom planarbeidet.

Kommunen har vurdert kven som skal varslast om planarbeidet. Alle kjende grunneigarar/naboar som grensar til eller ligg innanfor planområdet får tilsendt dette varselet via Altinn.

Ulvik herad er tiltakshavar for planarbeidet. Norconsult AS er planfagleg rådgjevar, og vil stå for utarbeiding av planen.

Føremål med planarbeidet:
Å leggja til rette for
• Trafikksikringstiltak – fortau langs fylkesveg 5374 mellom Prestbrekka og Vegaskil (krysset mellom Osavegen og Hjeltnesvegen) – her vil den kople seg til pågåande regulering for Holmen
• Regulere avkøyrsler frå bustadene langs vegen
• Avklare byggegrenser mot veg og sjø for bustadområda

Framlegg til plan vil i hovudsak vera i tråd med overordna kommunedelplan.

Planområdet:
Planområdet er lokalisert like aust for Ulvik sentrum, frå Prestbrekka til Vegaskil. Arealet er vist som eksisterande og framtidig bustadområde, og barnehage langs fylkesvegen. Kommuneplanen viser landbruk-, natur-, friluftsliv- og reindriftsområde om lag 400 m i austre del av planområde i gjeldande overordna plan. I kommuneplanen er deler av planområde vist med omsynssone for faresone for skred.

Planområde er vist med raud strek i kartvedlegg.

Forskrift om konsekvensutredninger (KU) for planer etter plan- og bygningsloven:
Vi viser til gjennomgangen om KU-kravet – vedlagt dette brevet – kunngjering av oppstart av detaljregulering.
Tiltaka i planen er i hovudsak i samsvar med overordna arealbruk, det er vidare vurdert at planen og tiltaka ikkje vil få vesentlege verknadar for miljø eller samfunn.
Dykkar innspel til oppstartsmeldinga:
Varsel om oppstart av planarbeidet vert sendt til offentleg mynde/interesseorganisasjonar og naboar som vert råka av planarbeidet, og vil bli lagt ut på Ulvik herad sine heimesider.

Me inviterer til samarbeid og medverknad i den komande prosessen. Innspel eller merknadar som gjeld løysingar eller særskilde tema som er relevante for planarbeidet kan sendast skriftleg til:

Norconsult AS
Sandvenvegen 43
5600 Norheimsund
E-post: vidar.osterbo@norconsult.com

Frist for å kome med innspel til oppstart av planarbeidet er sett til 20. mars 2024.


Vidare saksgang:
Etter at fristen for å koma med innspel til oppstartsvarsel er gått ut, vil sjølve planforslaget verte utarbeidd. Dette vert sendt til Ulvik herad for behandling. Etter fyrste gongs behandling vert sjølve planframlegget sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Dersom planen vert kunngjort i samband med ferie/høgtider, kan det vera aktuelt å lengja høyringsperioden. Det vil då vere mogleg å komme med merknadar til planframlegget før vidare politisk behandling og endeleg planvedtak. Når endeleg planvedtak vert gjort, får de skriftleg varsel om dette frå Ulvik herad og opplysningar om høve til å eventuelt klaga på planvedtaket. De vil altså få brev tre gonger i samband med denne planprosessen.

  • Vidar Østerbø

    Seniorrådgjevar arealplan

  • Kontakt oss

    Vedlegg